Tatoverte Wergeland på leggen

Inspirert av P3morgens Wergeland-kampanje, tatoverte Svein Roger Eriksen diktaren på leggen.

Wergeland tattis ferdig

Inspirert av P3morgens Wergeland-kampanje, tatoverte Svein Roger Eriksen diktaren på leggen.

– Eg har lenge leita etter ein ny tatovering seier Svein Roger Eriksen, og fann ut at Henrik Wergeland passa perfekt.

Frå før har han fire tatoveringar. To kinesiske teikn, ein dolk og eit lite hjerte med ein stor pengesekk (der det sjølvsagt står at hjertet veg mykje meir enn pengesekken, sjølv om sekken er full av gull)

Det er P3morgens reporter, Jørgen Strickert, og hans søken etter Henrik Wergeland-relatert stoff (ettersom det er 200 år sidan diktaren blei født) under Hovefestivalen, som inspirerte Svein Roger.

– Eg er kjempefornøgd seier Svein Roger etter 2 timar på tattis-benken hos 1877 tatoo & piercing i Mosjøen. Under bildet av Wergeland er også fire linjer av diktet «Kysset» skrive ned.

Så då kan det verkeleg sjå ut som at Strickerts iherdige Wergeland-pushing har funka. Jørgen gjekk også til angrep på Hove-grunder og bookingsjef Toffen Gunnufsen ettersom det ikkje var teikn til Wergeland på festivalen.

Svein Roger ventar på å bli tatovert:Stein Roger klar til å bli tattovert

På pinebenken:

Her blir Stein Roger tattovert

Nesten ferdig:

Wergeland tattovering