P3 15 år!


1993 P3 går på lufta for første gang og feirar premieredagen med å leige eit tog som går mellom dei to P3 hovudkvartera; Oslo og Trondheim. ”Ungdommen” reiser gratis, og i Trondheim ventar buss som fraktar alle opp til P3-lokala på Tyholt. Den gang kulturminister Åse Kleveland klippar snora og gruppa Bel Canto, med Anneli Drecker i spissen, framfører eit verk spesialbestilt for opninga av ungdomskanalen NRK P3. Høyr dei første minuttane av P3 her:
dei første minuttane av P3




1993 XL var eit av dei første programma som festa seg på P3 og skulle gå i mange, mange år. Mange hugsar nok best Espen Thoresen som programleiar, men det var altå Lars Hognestad som starta det heile. XL står eigentlig for Ekstra Lars. Her er eit lydklipp frå den gang Espen Thoresen ringde Pentagon frå do:
Espen Thoresen ringer-pentagon
Høyr meir XL her.


1993-1995 Irma 1000 gav oss eit innblikk i Kari Slaatsveen og Barbara Jahn sitt underlige univers. Kven hugsar vel ikkje følgjetongen «Aorta» om kvardagslivet på øyre-, nase- og halsavdelinga ved St. Annes Hospital med Overlege Hege Renne og Oversykepleier Lege Halvorsen? Som fan av programmet kunne du få Irma 1000 medlemskort. Programmet har per dags dato trufaste fans. Høyr Irma 1000 klipp her. Sjekk ut: IRMA 1000 tilbake i studio.


1993 Roxrevyen er programmmet som har danna grunnlaget for fleire av P3s mest stødige platesnurrarar og kyndige musikkjennarar. Med sending Mandag til torsdag og konsertopptak søndag. Kvar dag representerte ein ny musikksjanger og stil, og var fordelt på ulike programleiarar. Gro Narvestad fylte mandagen med metall, tirsdag var Marit Kalsens indie-dag, Kristin Winsents gjorde onsdagen litt meir poppa og mainstream medan Harald Are Lund blanda alt frå poprock og jazz på torsdag. Seinare introduserte Erik Eriksson elektronika i Roxrevyen. I dag har Erik, eller DJ Friendly, snurra plater på P3 i ti år. Etter Roxrevyens «fall» starta Gro Narvestad Ambolt der ho fekk reindyrke metallmusikk.


1993 Harald Are Lund står som ein bauta i P3s musikkhistorie. I 15 år har han spelt musikk og øst av sin kunnskap. Det starta med Roxrevyen torsdag i 1993. Då Roxrevyen blei lagt ned, kalte Harald Are programmet sitt for HAL 9000 etter datamaskina i science-fictionklassikaren «A Space Odyssey». I 2003 la P3 om stilen og alle programma skulle heite det same som programleiaren og «HAL 9000» måtte vike for det meir jordnære Harald Are Lund. Han samarbeider mykje med kollega Thomas Felberg ettersom dei begge er glad i 60-, 70- og 80-talsmusikk. Harald Are si stemme er ei av dei som har vert lengst å høyre på kanalen og han får fritt spelerom. Sendingane hans innheld gamal så vel som ny pop og rock. Og jammen snik han ikkje inn litt jazz der det er mulig også.

1993 Poprush og Lekre Smekre Emma! Norges mest kjente faksmaskin nokon sinne heiter Lekre Smekre Emma! Håvard «Howard» Sylte var programleiar for Poprush, og lot det vere opp til folket å bestemme kva den kjære faksen hans skulle heite. Howard stod som regel aleine i studio men klarte å få det til å høyrast ut som det var høg feststemning kvar dag. Du hugsar kanskje frosken Fred, Råe blåe Kåre, Kakle Kari, Oppblåsbare Willy og BALALAIKA og BACALAO. Howard har også vert innom program som ”Barbarene”, ”Howards bærbare fredagsparty” og «XL» som reporter. Når Howard gjekk over til tv-kanalen NRK2 tok Trine Grung over Poprush. Høyr litt av Howard si siste Poprushsending frå 1996 her:
Poprush siste sending med Howard

1993 Transit var et av dei første programma i P3. Det starta med programleiarane Hasse Lindmo og HC Andersen. Verdas mest direktesendte program hadde reportarar i forskjellege norske byar, på direkten kvar lørdag. Den store radiokonkurransen var også en del av Transit, og her møttes ofte to motsetningar i konkurranse, for å finne svar på rare spørsmål. Det kunne vere Høgre mot Venstre, homser mot lesber, sadomasochistar mot Noregs Bygdeungdomslag eller dykkarar mot fallskjermhopparar.
Ein av de største prestasjonane til Transit var Julehiten som kom i 1997. Låtskrivarane var Thomas Numme og Knut Folkestad. Ideen var å late P3-lyttarane bestemme kva for artistar som skulle bidra på sangen. Foruten programleiar Roar Halten var det mange bidragsytarar, Maxi Jazz fra Faithless, D’sound, Bløff, Postgirobygget, Baba Nation og Kringkastingsorkesteret, for å nemne nokre.
Transit hadde siste sending for 10 år siden.
Hør et sammendrag av Julehiten her: Julehiten sammendrag


1994-1999 Trond Giske jobbar i denne perioden som panelmedlem i XLs ”snakkbar”. Ein gang i veka var han innom for å oppsummere hendingar og kåre vekas dust. Intet mindre. Dagens kulturminister hadde mellom anna med seg Anne Lindmo, pornomamma Linda Johansen og sexolog Bente Træen i panelet.


1995 VG lista Topp20 og HC. Det første Topp20-showet var på eit lite lasteplan på Aker Brygge med 200 tilhøyrarar. Nokre år seinare skulle det toppe seg for HC på Rådhusplassen med 60.000 tilskodarar i 1999. HC var med P3 frå starten av. På opningsdagen hugsar han at han spelte topp 3 i feil rekkefølge. Slik at tredje plass blei første plass og omvendt. Flaut og moro på ein gang. HC blei 90-talets radio-dj-par med Howard. Dei to hadde program saman i eitt år og fekk ein megahit med cover av Ole I’dole si låt, ”Det va’kke min skyld” i 1996. HC jobba også i program som Transit og Barbarene.

Sjekk ut mange herlege lydklipp frå P3-programma: Hybel, Barbarene, Holger Nielsens Metode, Pullover m.m


1996-1997 Safari: På denne tida var internett så nytt og «hot» at P3 satsa ein heil time på det kvar dag. Birger Vestmo surfa rundt, fann kule sider, spelte musikk og tipsa lyttarane om dei ulike nettfunna. Her og her kan du framleis sjekke ut nettfunna til Birger. I dag er han mest oppteken av film og sender Filmpolitiet kvar fredag og kan også, i likheit med Harald Are Lund feire 15 år i kanalens teneste.


1996 P3 fekk eigne nyheitsendingar. Det starta med P3 16 og gjekk etterkvart over til det som vi i dag kjenner som P3nyheter med to-minuttarssending mandag til fredag frå 07-17.


1996-1998 Bare Are parodierer sin far. Kanskje som ein slags eigen terapi for å bearbeide barneåra? Kven veit, men Ares parodiering av faren Gunnar Osen slo an. Folk lo så dei grein når Are raljerte om bernaisesaus som rann ut av kjøleskåpet og om brillene som faren ikkje kunne finne. Her kan du høyre om igjen Are som parodierer sin far. I dag jobbar Are som sjef for Osenbanden på P3.


1997 Mamarazzi! Var kanskje den første store jenteinvasjonen på P3. Anne Lindmo, Nina S. Martin, Marte Spurkland, Ragna Nordenborg, Christine Koht, Helle Vaagsland og Mona B. Riise køyrte på med allmenopplysande kunnskap og kompetanse knytt til hus og heim. Nina S. Martin hadde sin faste spalte «Fisk eller sminke?» og Christine Koht kunne lære deg å bli «Lesbisk i en fei». Mamarazzi jobba utifrå slagorda «Det er hjælp å få» og «Vær nå litt raus». Høyr dette lydklippet frå Mamarazzis siste sending. Anne har blitt god venn med handtverkar Roy, som jobbar med å drille i veggen under studio:
mamarazzi-og-drillen
Meir Mamarazzi her.


1997 Albin: På nittitallet brukte P3 telefonsvarar i staden for sms. I Albin ringte du inn helsing og ønskelåt. Veldig grei radio! Høyr Albinklipp her:
Albin telefonradio


1999 Motorpsycho si låt «Vortex Surfer» blei spelt i loop på P3 dei siste 24 timane av 1999. P3 hadde nettavstemming og Motorpsycho vann framfor Europe si låt «Final Countdown».

1999 Holger Nielsens Metode. Holger Nielsen var dansk idrettsoffiser som sette handball i system og innførde gymastikk i dansk skule. Han fann også opp Holger Nielsens Metode, livredningsmetoden som virkar av og til. Petter Schjerven og Kari Slaatsveen fann opp programmet sommaren 1999 ilag med Hasse Lindmo. Redaksjonsleder, Espen Omdahl, spesialsydde lyd og musikk til Holger og målet var å få folk litt for seint på jobb, eller dulte inn i bilen framfor, medan dei høyrte på. Thomas Numme og Terje Ramberg hadde timen 06.00-07.00 det første året, deretter tok Kari Slaatsveen og Steinar Sagen heile sendinga annankvar veke. Høgdepunkta er mange, mellom anna: HOLGER ON ICE fra Spikersuppa i Oslo. Programmet blei sendt med trådlaus mik og gjestane gjekk på skøyter. Holger hadde si siste sending på P3 i starten av juni 2003 og sendte direkte frå Store Studio med drøye 350 folk i salen. Dei fleste hadde møtt opp eit par timar før dei skulle vere der og fleire hadde køyrt heile natta. Ut av Holger sprang Radioresepsjonen, P1s Kveldsmat og Englefjes, NRK1s Typisk Norsk og kanskje TV2s Senkveld for alt vi veit.


2001 Forfall. I eit utstillingsvindu midt i Oslo, drar Kristopher Schau tidenes eksperiment. Kor mykje kan eit menneske forfalle i løpet av ei veke? Svaret er: ganske masse.


2002 Kaliber på tur. Guri Solberg og resten av Kaliberredaksjonen sette seg på bussen med Quartfestivalen for auge. Under turen stoppa dei og sendte live frå Ørsta, Bergen og Stavanger. Kaliber starta allereie i 1999 med Rune Nilson som programleiar. Då kom han rett frå Pullover. Høyr masse klipp frå Guri og Rune si tid i Kaliber her.


2002 Satyricon på A-lista til P3 med låta «Fuel for Hatred». Heavy metal ut til folket og Håkon Moslet var stolt musikksjef. Har du gløymt korleis låta høyrast ut kan du sjekke den ut her.


2003 P3 pussast opp og blir «ny». P3 hadde fått Håkon Moslet som musikksjef og skulle no legge om sendeskjema. Den nye trenden var at programmet fekk det same namnet som programleiaren difor: Marius, Marte, Kyrre, Christine etc.


2003 Karate med død gris som båt? Karate hadde si aller siste sending på Quartfestivalen i 2003 og prøvde mellom anna å lage båt av ein død gris. Sjekk ut gamle videoklipp og masse bilder frå Kyrre Holm Johannessen, Aleksander og Kristoffer Schau si tid i Karate. Høyr Karate her.


2003 Martin Schanke i P3morgen. Etter Pullover tok mellom anna Steinar Sagen og Shaun Henrik Matheson i P3morgen over og sørga for å gi oss ein frisk start på dagen. Særlig med Knut Folkestad sine Martin Schanke parodiar? Høyr ein av dei her:
Martin Schanke


2004 Et Norge i Krig. Kristoffer Schau selger blant anna sjela si til Thomas Numme. Numme kjøpte sjela til Kristoffer for 18 500 kroner. Snodig å tenke på no. Dei to er forøvrig gamle P3-kollegar ettersom Thomas Numme jobba i programma Vegas, Transit og Holger Nielsens metode i si tid. «Et Norge i Krig» var Kristoffer Schau sitt program etter Karate. Han ville lage eit dystert, negativt og mørkt program. Saman med Morten Ståle Nilsen og Øystein Karlsen klarte han det så bra at programmet til slutt måtte leggast ned fordi det rett og slett blei for mørkt.


2004 National Rap Show 10 år. Tommy Tee og DJ Herkules har spelt hip-hop på P3 sidan 1994 og blir med det dét programmet som har gått lengst på P3 med same namn og same folk. Duoen har framleis herlig helgefårspill kvar fredag her på P3.


2004 Individtour med Are og Odin. Trønderduoen Are og Odin reiser frå Alta i nord til Rockefeller i sør med band, buss, H-touch metoden og slagordet «Vi e aill sammen individa». Kvar dag sender sauebonden Odin og bysbarnet Are Sende Osen frå stova til ein lyttar som har bedd Are og Odin kome på besøk. Du kan lese og sjå bilder frå turen her. Eller besøke Are og Odin sitt nettmuseum.


2004 Tazte priv. Bård Tufte Johansen og Harald Eia sneik seg inn i P3s sendeskjema med programmet Tazte Priv. Sketsjing og vitsing i fokus. Her er Lena frå «Døden på Oslo S på besøk»:
tazte-priv-Lena
Høyr meir Tazte Priv her.


2004 Ari Behn og Morten Abel syng duett i P3sessions. Saman stod dei på scena under showet å sang Jennifer Rush sin udødelige 80talshit «The Power of Love». Sjå bilder av den rare duettkomboen her. Sjekk også ut fleire bilder i P3session bildegalleri. P3sessions blei arrangert for første gang i 2003 med BigBang-konsert.


2005 Boogie lagar Sex-sjokk på P3. Det skapte store overskrifter då P3 proklamerte at dei ville sende erotiske noveller, Boogie, som innslag i P3morgen. Det blei så mykje bråk at heile prosjektet blei utsett eit år og den gang Kringkastingssjef, John G. Bernander, bestemte seg for at programmet måtte gå om kvelden. Resultatet blei premiere påskeafta 2005. Ane Dahl Torp var ei av dei som var med å spele inn novellene i Radioteateret. Programleiar var Shaun Henrik Matheson. Og no skal dansk P1 gjere det same.


2005 Jenteinvasjonen. P3 vil ha fleire kvinnelege stemmer på lufta og vi blir introdusert for Siri Kristiansen, Sigrid Bonde Tusvik, Else Kåss Furuseth og Drillpikene: Kristine Riis og Live Nelvik. Sjekk ut nettsida til Jenteinvsjonen for å høyre det første dei gjorde.


2006 O-fag med Ylvisbrødrene Bård og Vegard blir ein kjempesuksess med tulletelefon, morse-undervising og masse sang. Sjekk ut all moro med O-fag her. Sommaren 2008 kom dei tilbake med samiskundervisning og meir sang.


2006 Mina skapar Veronica Orderud-furore. Bråkebøtta Mina Hadijan får drapsdømte Veronica Orderud til å lese inn ein «lissom» drapstrussel til alle dei som ikkje høyrer på Mina. Det blir bråk, men Mina befestar si rolle som sjokk-jockey og ho sparkar både oppover og nedover. Heilt fram til oktober 2007. Då måtte Mina sjølv gå. Her kan du uansett frotse i P3tv-minner med Mina.


2006 FK fotballs Thomas Aune og Aleksander Schau reiser til Tyskland og sender direkte frå VM i fotball. Sjølvsagt var dei i Kina under OL i Beijing og du kan lese meir om korleis det var i FK Fotballbloggen.


2006 Hvor er Hassan? Som assistent i Klaus Sonstad Show startar Else Kåss Furuseth ein omfattande leiteaksjon etter sin store og hittil einaste sommarflørt; Hassan. Det er fem år sidan det oppstod heite følelsar mellom jenta frå Jessheim og tyrkaren frå Alanya og Else prøver febrilsk å finne han igjen. Sjå bildene frå turen her.


2006 Då rock blei deilig igjen. Totto Mjelde og Asbjørn Slettemark tek med seg Pyro på Norgesturné. Viktige ingrediensar på turen er spekemat, flammar, lær og ømme følelsar. Les meir om Pyro i bloggen.


2007 Ida Maria vinn Urørtfinalen, dette markerar starten på rakettkarriera hennar. Du kan framleis laste ned hennar første hit «Oh, My God» på Urørtprofilen. Urørt blei lansert på nett i 2000 og gjer det muleg for ferske band og artistar å legge ut musikken sin for gratis nedlasting og lytting. Mandag til torsdag sender P3 programmet Urørt, med musikk kun henta frå desse nettsidene. Og kvar veka kårast «Ukas Urørt». I dag har fleire tusen lagt ut musikken sin på nettsidene. Urørtfinalen er ein låtbasert konkurranse og blir arrangert ein gang i året.


2007 Osenbanden avslørar Høgre rasisme. Torill Fiskerstrand i Oslo Høgre trekk seg frå alle verv etter at ho blir ferska i å kome med rasistiske uttalelsar til Osenbanden-reporter Ludvig Løkholm Lewin. Han går langs valbodane på Karl Johan med skjult mikrofon og utgir seg for å vere rasist. Her fekk vi verkeleg eit eksempel på kor langt politikarane eigentleg er villige til å gå for å få vår stemme. Høyr innslaget her:
h3b8gre-med-rasistiske-uttalelsar


2007 Kompani Knudsen på Norgesturné. Det høyrast umulig ut, men Siri, Kristoffer og resten av kompani skal innom alle nitten fylker på åtte dagar. Der er som å køyre til Italia og heim igjen berre for gøy. Men Kompani Knudsen tok plass i bubilen og besøkte ein lyttar i kvart fylke. Nesten som ein slags signingsferd. Oppelv turen om igjen her.


2007 P3 får eigen nattradio. No kan du høyre P3-musikken 24/7. Torfinn Borkhus, Stian Eliassen og Ronny Brede Aase styrer P3 gjennom natta. Tidlegare måtte P3-lyttarane nøye seg med P1s nattradio.

2007 P3tv. P3 skal ikkje lenger berre lage radio, men også tv og får ein pangstart med tung festivalsatsing, mellom anna frå Hove og Øya.

Sjekk ut konsert- og festivalopptak i P3tv!


2008 Trond Espen Seim i P3 filmen Cop DJ. Radioduoen Ken eller Torkil puslar med ein kortfilm-konkurranse der lyttarane skal lage manus. Dei drøymer om Varg Veum-stjerna, Trond Espen Seim, i hovudrolla og får sjokk når Seim svarar eit rungande ja! når dei, nesten på spøk, spør om han vil vere med. Trond Espen er nemlig fan av programmet og vil gjerne gjere noko litt crazy!. Produksjonen veks, og vips så er Switch-regissør Ole Martin Hafsmo også med. Slik blei den:


2008 Sienna Coming Ups drøye, frekke, blonde og usladda avsløringar får kulturminister Trond Giske til å rive seg i håret og Kringkastingsrådet til å rygge. Men P3tv-reporter Sienna Gurevitsch Nilsen køyrer på og blåttlegg det meste. Ho får ein stor fanskare, blant dei er stylist Jan Thomas:


2008 Birger synger Mamma Mia! Filmpoliti Birger Vestmo blir så sjarmert av filmem Mamma Mia! at han like godt syng inn anmeldelsen av den:


2008 P3sessions er 5 år og artist-Norge samlar seg for å spele tidenes konsert. Sidan 2003 har P3 gitt deg livekonsert får øverste hylle. Høyr jubileumskonserten om igjen her.


2008 Radioresepsjonen blir kuppa av nakenløp på Hovefestivalen. Sidan 2006 har brødrene Sagen og Bjarte Tjøstheim laga Radiorespesjonen, sett vekk ifrå eit par tv-opphold her og der. Trioen satsar på lettbeint underholdning og har mellom anna gitt oss den store kryddertesten, røyketesten og oppmuntra folk til å tørke støv av limrick- og onelinerkunnskapane sine. Sommaren 2008 sendte dei live frå Hovefestivalen med texmex som tema. Fleire hundre samla seg kvar dag for å sjå Radioresepsjonen lage show og fekk med seg dette: