Howl mest spelt på P3

Tronar over Foo Fighters, R.E.M og Madrugada.

Howl mest spelt på P3

Tronar over Foo Fighters, R.E.M og Madrugada.

I januar var Howl blant dei ti nominerte til Årets Urørt i Urørtfinalen.

Men dei vann ikkje, det gjorde Matias Tellez. Uansett gjekk det ikkje så verst for Howl heller. Nominasjonslåta «Repeater» hadde festa seg hos publikum. Og etter eit par rundar hamna den på A-lista. Like etterpå svarte dei med singel nummer to: «Nineteenseventyfive» og no er Howl altså det mest spelte bandet på P3 så langt i år.

«Bandet har truffet en nerve, ikke minst i P3s musikkredaksjon, med karismatiske, historiebevisste og særdeles melodisikre rock» – P3s musikksjef Håkon Moslet

Det er rart å sjå bandnamnet vårt trone over storheiter som Foo Fighters, R.E.M og Madrugada, seier gitarist Knut Frøysnes.

Etter Urørtfinalen i vinter og solide konsertopptrednar under by:larm har det vert eit hektiskt men gøy halvår for Howl. Det var få som fekk med seg at dei gav ut plata » A Higher Class of Lush» heilt på eigahand i oktober i fjor. Men etter by:larm plukka plateselskapet EMI dei opp og gav ut plata på nytt.

David Bianco har remixa to av låtane: «Nineteenseventyfive» og «Silver Equals Gold». Men ellers er plata den same, forsikrar Knut. Det er klart det er skremmande å gå frå å vere heilt sjølvstendig til eit stort plateselskap, men det er også gøy å sjå kva ein kan få til med eit stort apparat.

Howl skal mellom anna spele på Øya, Raumarock, Lost Weekend og Midnattsrock i sommar.

Les: intervjuet Urørt gjorde med bandet i juni i fjor då dei var Ukas Urørt. 

Her er lista over dei ti mest spelte artistane/banda på P3 så langt i år:

1 Howl

2 Foo Fighters

3 Madrugada

4 Duffy

5 Ida Maria

6 R.E.M

7 Kaiser Chiefs

8 Kaizer Orchestra

9 National Bank

10 Madcon